Som fisken i havet

ANMELDELSE
Publisert 26/06/23
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til

Omtale: Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til

Tittel: Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til
Tegning og tekst: Anna Fiske
År: 2023
Sider:
120
Forlag:
No Comprendo Press
Format: Innbundet
ISBN: 978-82-82-55120-5

Anna Fiske si bok Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til handlar om det å vekse opp, få barn og gje slipp på si eiga mor. Og om det store havet. I barnleg format med store teikningar og korte tekstar viser Fiske korleis havet står som ei trygg, stabil hamn gjennom livets ulike fasar medan relasjonane rundt forandrar seg.

Lausriving

Fiske er ein prisbelønt illustratør og teikneserieskapar omsett til fleire språk og utgitt i fleire land. Ho er mellom anna barnebokforfattar, og ved første augekast liknar denne og ei barnebok. Fiske, eg-personen i boka, spelar hovudrolla saman med havet, og på framsida står ho i raud, prikkete badedrakt på toppen av ei blå kule, i ferd med å stupa ned. Med stort hovud og gevir plassert på ein spinkel menneskekropp er ho verken heilt menneskje eller heilt dyr.

Fall inn i deg sjølv

Eit minne frå tenåra har festa seg i ho. På teaterkurs gir læraren ho ein lapp med teksten «du er mye bedre enn du tror». Bodskapet var truleg noko Fiske trong å høyra, og hendinga står ut som eit av desse sterke minna frå barndommen. Teaterlæraren lærar elevane sine å finna ein stad inni seg sjølv som er trygt, og me får vera med Fiske ut i havet hennar.

*Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til* (2023) av Anna Fiske, publisert av No Comprendo Press.
Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til (2023) av Anna Fiske, publisert av No Comprendo Press.

Med barnleg strek gir Fiske oss eit nostalgisk tilbakeblikk på barndommen. Ei tid da verda er stor og uoversiktleg samstundes som dei minste detaljar er altoppslukande. Det finst ei heil verd i det vesle sniglehuset for eit fantasirikt barn. Men dette er ikkje ei blåaugd og sukkersøt historie. Vesenet i badedrakt er eit følsamt individ med vidopne, nyfikne auge som tek verda innover seg.

I hennar private sfære tuslar ho åleine på stranda, kviler på ei sanddyne, oppslukt og i eitt med omgjevnadane. Det er ein einsam skikkelse me følger gjennom boka. Eller kanskje ikkje einsam, berre åleine?

Langstrakt på papiret omgitt av bølger og blå flekkar ser me vesenet med lukka auge. Ei enkelt teikna taklampe avslørar at ho ikkje er i havet, men i ein fantasi. Teikningane står i fokus, og det går fleire sider før ein ny tekst dukkar opp. Fargane er langt utanfor strekane og proporsjonane vilkårlege. I Fiske sine teikningar fell det naturleg at ei fjør er like stor som eg-personen, og naturen får spela ei stor rolle i vesenet sitt liv, og i boka.

*Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til* (2023) av Anna Fiske, publisert av No Comprendo Press.
Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til (2023) av Anna Fiske, publisert av No Comprendo Press.

Mor er sjølve livet

Dei korte tekstane gir fleir spørsmål enn svar, og i starten av boka er eg usikker på om det er noko som skurrar på heimebane for hovudpersonen.

«Jeg prøver å være snill, sånn at det skal bli enklere for mor, at jeg ikke er i veien. Jeg gjør meg usynlig, både i stemme og skritt. Prøver så hardt og får det til så voldsomt at det tar flere tiår å bli synlig igjen.»

Fiske gjer seg lita og gøymer seg i eit skjell med opptrekte bein. Samankrølla som ein liten hund eller katt nærmast imiterer ho konkyliane sine runde formar.

Setningar som «Jeg vil synke inn i mor, være i vann sammen» og «Kanskje hun savner meg» vitnar om eit tryggleiksøkande barn. I Fiske sine auge er mora perfekt, og ho vil vera tett, tett, tett. Med strengt blikk får ho beskjed om at ho må leika åleine.

Er dette berre eit «vanleg» mor–dotter-forhald med sin kompleksitet og mange kjensler, eller er mora emosjonelt ustabil?

Far er knapt nemnd i boka anna enn at foreldra krangler mindre når dei er på ferie.

Etter kvart vert det meir tydeleg at dette er ei bok om lausriving og ei mor som sender barnet sitt ut i verda med hjelpsame, små dytt. Det trygge fostervatnet til mor vert erstatta av havet som omgir ho med ro og trøyst. Havet avviser ikkje.

*Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til* (2023) av Anna Fiske, publisert av No Comprendo Press.
Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til (2023) av Anna Fiske, publisert av No Comprendo Press.

Livet skjer

Etter kvart snur rollene. Fiske lagar sin eigen familie, og mor hennar må venta. Ho er ikkje i første rekke lengre. Fiske vert mor, mor vert mormor, og til slutt går ho ut av livet.

Tekstane tek ikkje stor plass i boka, men dei poetiske skildringane tilfører mykje og minner tidvis om Knausgård med sine naturobservasjonar som kan knytast til noko meir eksistensielt.

«Øynene scanner i sanden etter den perfekte pinnen, glassbiten, skjellet, håper jeg aldri finner den, slik at jeg for alltid kan fortsette å lete.»

«November spiser en liten del av solen hver dag.»

«Mørket bygger et bo i brystet om våren, årstiden som er lyset.»

I konversasjon med havet

Boka er ei kjærleikserklæring til havet. Relasjonen med havet er enkel og uproblematisk medan relasjonen til familien er meir komplisert, sår og foranderleg. Ho etterlet ei kjensle av at menneskje er litt åleine i livet, uansett kva flokk ein er omgitt med, og at det tryggaste er naturen rundt. Lesaren får ingen forklaring på kvifor Fiske har gevir og hale, men kanskje symboliserer det ei kjensle av å vera annleis. Det kan og symbolisera ei kjensle av å vera djupt knytta til naturen og dyra.

Havet, deg jeg alltid kommer tilbake til er ei intim skildring av den naturlege lausrivinga som må kome mellom barn og mor på eit tidspunkt og ei fortelling som stadfestar at ein kanskje aldri kan lukkast fullstendig som forelder. Nokon sår vil alltid oppstå.