Numer #141
Utgitt: 13. november 2026
Redaktør: Fredrik Rysjedal
Design: Laila Mjøs
Korrektur: Bokarbeid
Trykk: Rolf Ottesen AS
Opplag: 1300
Omslag: Theodor Kittelsen
Om utgaven
I Numer #141 så får du nyhende og samandrag frå dei ulike teiknefelta bildekunst, illustrasjon, bildebøker og teikneseriar, ført i pennen av Kjetil Røed, Egon Låstad, Anne Schäffer og Øyvind Holen. Kunsthistorikar Lene Fjørtoft tar oss denne gongen gjennom den norske kunsthistoria og skildrar teikninga si posisjon, utvikling og rolle. Teksten har utspring i Fjørtoft sitt foredrag frå lanseringa av Tegneløftet på Sentralen i Oslo 6. mai 2026. Numer kjem i dei neste utgåvene til å publisere nokon av tekstane som også vert å lese i boka Tegning – å forstå verden gjennom ein strek. I denne utgåva så er det Sissel Lillebostad sitt djupdykk i Tegnerforbundet sine protokollar du får lese. Her teiknar ho opp historia rundt organisasjonen og arbeidet med å etablere og oppretthalde åndsverkslova. Ei lov som stadig vert utfordra og trua, no også av teknologi og KI. Dette har vore eit omfattande arbeid, og me er særs takksame for at Sissel var djerv nok til å ta på seg oppdraget. Av og til når kunstnarar og skribentar er på farten, så sender dei ein førespurnad om å skrive saker frå utlandet. Denne gongen har Johanne Hovland gitt oss eit unikt innblikk i Nafasi Art Space i Tanzania. Der har ho møtt unge kunstnarar som lever i eit samfunn som har vorte mindre fritt og meir autoritært det siste tiåret. Anja Dahle Øverby fortel oss om hennar fasinasjon av Gerhard Munthe og bildet Helhesten som han laga i 1892, og tar oss innom japonismen og Munthe sine skissebøker som han hadde med seg land og strand. Me avsluttar med to meldingar. Kjetil Røed besøkte i sumar Tegnerforbundet sine utstillingar og her får du hans refleksjonar rundt Masoud Alireza og utstillinga 56 Million Lines. Han har også skrive om Siv Bugge Vatnesi si utstilling Ukjent alfabet som ligg tilgjengeleg på Numermagasin.no. Til slutt får du Morten Harper sine tankar om Øyvind Holen sitt historiske verk om teikneseriebladet Pyton.